Weaving on the Ceiling: A New Exhibit and Installation at the Osterøy Museum

By Marta Kløve Juuhl (translated by Robbie LaFleur)

Spring 2016: Much Planning was Underway

The idea came during a lunchroom discussion with the exhibit architect, who had done something similar in the past.

I wanted to have something that would begin on the ceiling and come down over the end wall.

The background was that the permanent exhibits at the museum were being renovated. I wanted to have more focus on traditional knowledge tied to objects in the museum; it should reflect the traditional skills and knowledge of the people of the Osterøy community. The people on Osterøy are enthusiastic and full of initiative, and there are many large and small businesses.

The monster-weaving part of the project was a collaboration among Solveig Jordan, the head of our division; Dennis Guhl, our carpentry specialist; Nikolai Rypdal Tallaksen, our archivist; Monika Sunnanå Ravnanger, my weaving student; and me, with responsibility for the textile department.

Dennis has many contacts among local businesses.  They made the steel supports and a frame to surround the weaving, according to Dennis’s instructions.

martaIt took a long time to find the straps that would act as the warp on the ceiling, and we ended up ordering from a company in the Oslo area.  They had the red color we wanted, and also green and yellow.  The straps are five centimeters wide and came in 50 meter rolls. They are straps for life vests for boats and seat belt strapping. When we ordered 25 kilometers of strapping, the supplier was quite curious about what we were going to do with it.

img_5475I started the setup after Dennis attached the steel supports to the end wall and three places on the ceiling. As it showed in the photo in the newspaper, we used scaffolding to get high enough to lift each strap over the supports. A sewing machine sat on a rolling table in the room, and I moved it each time I needed to join the straps.

It was one thing to put the straps in place, but they also needed to be pulled tight. Nikolai and I stood on scaffolding on either end to lift the straps around the steel supports, and Dennis ran back and forth on the floor and tightened.

After all the red warp straps were tightened, 66 in all, it was time for weaving. I started down on the ground, but quickly came high enough to need the scaffolding.

img_5466

img_5492

The pattern we used was taken directly from an åkle (coverlet) that hung in the exhibit in the room.  Between each strap we wove two shots of plain weave with fishing line, which was thin and strong and transparent and held the straps in place. Each square in the pattern is 10 by 10 cm.  It took Monika and I about two days to weave/work in the pattern.  There is, of course, no shed in this weaving, which is why I added “work in.” Our hands were quite sore after a while.

The red color on the ceiling has a dominant effect in the exhibition hall; the monster-weave installation brings together the old and the new in the exhibit.  It illustrates the old themes, such as weaving and metalwork, in a new context.

For this installation there was a determination to work on the project together. Everyone was in on the discussion, and then it was Dennis and I who figured out how we could execute the ideas.

To make it work required a lot of mathematics and stretching out of the pattern. It’s difficult to describe how much mental effort it took; it followed me for many weeks. There were constantly small adjustments to air with the others. And it was just because we had so many contributors, that the project had such a great result.

The plan is that we will weave several motifs on the ceiling, which will last until sometime this winter.

img_5788

Note: See additional photos in an article by Snorre Bang Utaker from Bygdanytt, “Eit vevemonster har inntatt Osterøy museum,” (A Monster-weaving has Taken Over Østeroy Museum).  And if you would rather read the article in the original Norwegian, see below! 

Veven i taket: Ny utstilling og installasjon på Osterøy museum, våren 2016

Mykje planlegging.

Ideen kom i ein diskusjon på lunsjrommet saman med utstillingsarkitekt som hadde gjort noko liknande før.

Me ville gjerne ha noko i taket som kunne enda nedover på endeveggen.

Bakgrunnen var at heile den faste utstillingen vår skulle fornyast. Me ville ha meir fokus på tradisjonskunnskap knytt til samlingane på museet; det skal gjenspeila Osterøysamfunnet og dei praktiske kunnskapane og ferdigheitene folk har hatt. Her på Osterøy er det eit stort privat initiativ, mange gründerar og småbedrifter.

For å knyta dette direkte til monsterveven er det og eit samarbeid mellom Solveig, dagleg leiar, Dennis handverkaren vår, Nikolai, arkivaren vår, Monika, vevlærlingen min og meg som tekstilansvarleg.

Dennis har god kontakt med dei lokale bedriftene her. Dei laga stålstenger og ramme rundt sjølve det vovne partiet etter Dennis sine mål.

Me brukte lang tid på å finna stropper som skulle fungera som renningstrådar i taket, og enda opp med å bestilla frå eit firma i Oslo-området. Dei hadde fyrst og fremst raudfargen, men og den gule og den grøne. Stroppene er 5 cm breie, dei kom i rullar på 50 meter. Det er eigentleg stropper til redningsvestar i båt og sikkerheitsselar i bil. Då me bestilte 25 kilometer av dette, var leverandøren veldig nysgjerrig på kva me skulle bruka det til. Me starta monteringa etter at Dennis hadde festa stålstengene til endeveggene og på tre plassar oppe i taket. Som det viser på biletet i avisa brukte me gardintrapp for å koma så høgt at me kunne lyfta kvar stropp over  stålstengene.

Symaskinen stod på eit trillebord i salen, så flytte me den etter kvart som me måtte skøyta stroppene.

Ein ting var å få stroppene på plass, men dei måtte og strammast etter kvart. Då stod Nikolai og eg på stillas i kvar vår ende av den 25 meter lange salen for å lyfta stroppene rundt stålstengene, og Dennis sprang att og fram nede på golvet og stramma.

Etter at alle dei raude renningsstroppene var festa, 66 i alt, var det tid for veving, etter kvart også på stillas. Eg starta nede på golvet, men kom fort opp så høgt at eg trengde stillaset.

Mønsteret som er brukt er plukka direkte frå åkle som heng på utstilling i salen. Mellom kvar stroppe er det to innslag i lerret med fiskesnøre, det er tynt og sterkt og gjennomsiktig, og held stroppene på plass. Kvar rute i mønsteret er 10 x 10 cm. Det gjekk eit par dagar for Monika og meg å veva/fletta inn heile mønsteret. Det er sjølvsagt ikkje noko skille i denne veven. Difor skriv eg veva/fletta. Me vart faktisk ganske såre på hendene etter kvart.

Den raude renningen i taket er eit nokså dominerande innslag i utstillingssalen vår, den er som ein installasjon som bind saman det gamle og det nye i utstillingen. Den belyser gamle tema, så som veving og metallarbeid sett inn i ein ny samanheng. I tillegg kjem viljen til å gjera dette saman. Alle var med i diskusjonen, og så var det Dennis og eg som måtte tenkja ut korleis me kunne gjennomføra ideen.

Det ligg mykje matematikk bak og utrekning av mønster for å dette til å stemma, og det er vanskeleg å skriva om tankearbeidet som var nødvendig. Det fylgde meg i mange veker, det var stadig små justeringar å lufta med dei andre. Nettopp det at me var såpass mange om arbeidet gjer sitt til at det vart så vellukka.

Planen vår er at me skal veva inn fleire motiv i taket. Det vert til vinteren ein gong.

Marta Kløve Juuhl

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *